Flåmsbrygga Hotel
+ 8
Flåmsbrygga Hotel i Flåm er lite og intimt med ein særprega stil
- Hotellet er både tradisjonell og rustikk, men samtidig moderne og delikat.
- Hotellet har rom med balkong og fjordutsikt, moderne stil med norsk treverk, drivved, stein og glas.
- Flåmsbrygga er eit tun med tre bygningar. Her er hotellrom i to bygg, Flåmstova Restaurant, Furukroa Kafè samt Ægir BryggeriPub i same tun.
Loading...
Ægir er vårt eige bryggeri og eit av dei beste handverksbryggeria i Noreg. Ægir BryggeriPub er unik og bygningen er i vikinginspirert stil og minner om ei stavkyrkje.
Vår matfilosofi er det skal vere Ægir øl i og til maten! Prøv vår populære Ægir Vikingmeny og bestselgaren Ægir Vikingplanke – 5 rettar øl- og matmeny. Ægir BryggeriPub er open restaurant og pub heile året med lunsj «a la carte» i sommarsesongen. Flåmstova Restaurant serverer lunsjbuffet og middag «a la carte» i sommarsesongen, og Furukroa Kafè tilbyr husmannskost og enkle rettar heile året.
Vi tilbyr aktivitetar og utflukter med guide sommar og vinter, og pakkar med heilaften i Ægir BryggeriPub. Bli med på FjordSafari i ribbåt på Nærøyfjorden med stopp i Undredal, trugetur ved Stegastein, vandretur – ved fjorden eller til fjells, stølstur, sykling på Rallarvegen og i Flåmsdalen.
De beste tingene å gjøre i Flåm
Bestill en spennende aktivitet som en del av din Nøtteskalltur eller som en frittstående bestilling. Sjekk ut vårt spennende utvalg nedenfor!